Klassen fekk diskutere regnskogen med klimaministeren

7. klasse på Ekne skole i Levanger skreiv brev til klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn. Plutseleg fekk dei invitasjon frå ministeren til å ta ein prat på Teams. 

Fakta om regnskogen:
  • Over halvparten av den opphavlege tropiske regnskogen er blitt borte sidan 1950. i 1950 var 15 prosent av overflata på jorda dekte av regnskog, i 1996 var dette minka til 6 prosent.
  • Kvart år forsvinn om lag 150 000 kvadratkilometer, som svarer til halvparten av Noregs landareal. Det vil seia at eit areal så stort som ein fotballbane forsvinn kvart einaste sekund.
LES FAKTALUKK FAKTA

Då 7. klassen deltok på Beintøft i fjor, blei dei svært engasjert i å ta vare på regnskogane. Beintøft blir arrangert av Miljøagentane og er Noregs største gå-til-skulen-aksjon.

– Det var ei av oppgåvene i Beintøft-aksjonen som handla om regnskogen. Vi hadde i lekse å skrive eit brev til ein politikar. Då alle hadde gjort det, samla vi meiningane våre i eitt felles brev som vi skreiv på læraren sin PC. Det sendte vi til Sveinung Rotevatn, fortel Martin.

HEIM: Regnskogane er heimen til mellom 50 og 90 prosent av alle artane i verda, ifølgje WWF. Foto: Pixabay

– Regnskogane betyr mykje for framtida vår, og barna våre si framtid. Vi er veldig glade i dyr. Det er jo ein del dyr som berre er å finne der. Det bur også urfolk der som må få vere der dei høyrer til, seier Andrea.

– Regnskogane forsvinn svært fort. Derfor hastar det. Vi må gjera noko – vi kan ikkje berre snakke om det, seier Martin.

Les også: 4 ting du kan gjere for regnskogen

Langt møte

Klassen fekk ikkje berre svar, dei fekk invitasjon til eit 40 minutt langt Teams-møte med ministeren der dei fekk kome med sine meiningar om kvifor det er viktig å bevare regnskogen.

– Rotevatn svara veldig godt. Han tok seg god tid til oss, seier Ruben.

URFOLK: Millionar av menneske lever i regnskogane og er avhengige av ressursar frå skogen i dagleglivet. Om lag 60 millionar er urfolk. Foto: Pixabay

– Ja, han brukte kanskje 5-10 minutt på å svare på kvart spørsmål. Det vart ein del vanskelege ord, men vi forstod mykje av det som blei sagt, fortel Martin.

Klassen sit att med ei god kjensle av å bli høyrt. 

– Det var artig å snakke med han. Vi føler at han høyrde på oss, men samstundes veit vi jo at han får mange forslag frå mange folk, så det er nok vanskeleg for han. Eg er ikkje sikker på at han kjem til å bruke det vi sa, men kanskje noko av det, seier Martin.

– Viss han skal gjere noko med problemet skjer det jo ikkje over natta. Det tek nok tid, seier Andrea.

Klassen har bestemt seg for å halde fram med arbeidet med å ta vare på regnskogen.

– Vi kan for eksempel passe på å ikkje kjøpe produkt med palmeolje. Det er mykje regnskog som blir hogd ned i produksjonen av palmeolje, seier Ruben.