Denne stranda er kåra til Europa si finaste

Forlaget Lonely Planet har sett nøye på strendene i heile Europa. Heilt på toppen, ligg ei strand i Noreg.

Nærare bestemt ligger stranda som gjekk av med sigeren i Lofoten. Du finner «Hauklandsstranda» i Vestvågøy kommune.

I kåringa dankar den ut strender frå både Frankrike, Italia, Hellas og Spania.

Lonely Planet fascinerar seg av at den både kan sjåast i midnattsol på sommarstid og under nordlyset på vinteren.

Foto: Marte Husabø

– Kremaktig sand og safirhav

– Hauklandsstranda er ut av denne verda, med taggete granittoppar som strekkjer seg ut over kremaktig sand og safirhav, skriv forlaget.

Skal me tru forlaget, er det ikkje negativt at vatnet er kaldt.

– Vatnet blir aldri meir enn 15 grader, men du klør i fingrane etter å hoppa i vatnet med det same, skriv dei.