FN vil endre verdskartet

Det alternative kartet viser Afrika i «rett» storleik.

FN røysta fredag for å ta i bruk eit nytt verdskart der forholda mellom landa er endra. På dette kartet er Afrika mykje større.

Det er Togo som har tatt initiativ til resolusjonen under kampanjen «Correct The Map».

– Dette er ikkje ein politisk diskusjon, men ein vitskapleg diskusjon, for det er vitskapleg bevis, så vi må alle akseptere realiteten, seier Togos utanriksminister Robert Dussey.

164 land røysta for – deriblant dei 55 medlemslanda i den Afrikanske Unionen. Berre USA røysta imot, medan seks land avstod frå å røyste.

Robert Dussey er utanriksminister i Togo. | Foto: Richter Frank-Jurgen

Vesle Afrika

Når ein skal lage eit flatt kart av ein globe, må ein gjere visse val om korleis storleik og avstand skal visast. Kartet vi er vane med å sjå, er kalla Mercator-projeksjonen. På dette kartet ser områda sør og nord på kloden ut til å vera større sett opp mot områda som er nær ekvator.

Det fører til at Grønland og Afrika ser like store ut på dette kartet, sjølv om Afrika i realiteten er 14 gonger større en Grønland. Mercator-kartet vart introdusert i 1569, og har vore den globale standarden sidan.

Dette er det nye kartet som er meir proporsjonelt rett. | Foto: equal-earth.com
… og dette er det gamle Mercator-kartet. | Foto: Strebe via Wikimedia Commons.

Ifølge historikarar og geografikarar byggjer Mercator-kartet på eit gammalt, vestleg syn på verda. Nokre meiner kartet kan påverka kva land og verdsdelar vi oppfattar som store og viktige. Afrika og andre område nær ekvator ser mindre ut enn dei er, medan land lenger nord ser større ut.

FN-resolusjonen vil ikkje forplikte nokon til å bruke det nye kartet, men det kan føre til endringar i pensum, teknologiske verktøy og hos styresmakter.