Sjanse for å sjå Nordlyset i Sør-Noreg

Om du bur i Sør-Noreg, bør du kryssa fingrane for klarver. Sjå opp fredag og laurdag.

Torsdag og fredag kan du vera heldig og sjå det fargerike nordlyset på himmelen, om du bur i Sør-Noreg.

Grunnen er at sola har noko som rart nok heiter «koronahol», skriv NRK.

Koronahol er hol i sola si atmofære. Frå hola sprutar solvinden ut i høg fart, i følgje Pål Brekke, som er fagsjef for romforskning ved Norsk romsenter.

– I desse hola sprutar solvinden ut dobbelt i dobbelt så høg fart som ellers. Det blir som ein slags hårfønar som fyk rundt i solsystemet. Når koronaholet peikar mot jorda, får me eit kraftig «vindkast» inn mot magnetfeltet vårt, som skapar nordlyset, seier han til NRK.

Unormalt sør i Noreg

Normalt sett kan me berre sjå nordlyset nord i landet vårt. Men med høg KP-verdi, som er det me brukar for å måla nordlyset, er det også mogleg å sjå det lenger sør.

KP-verdien går frå 0–9, og tala seier noko om kor kraftig nordlys me kan forventa oss.

Nordlyset som er meldt dei kommande dagane, har fått ein KP-verdi på 5. Derfor er det sjansar for at det også kan sjåast heilt sør i Noreg.