Mai var ekstremt varm

Temperaturane slo rekordane frå 2018.

Meteorologisk institutt skriv i ei pressemelding at mai månad var 4,0 grader varmare enn normalt.

– Det blir varmare i verda, og Noreg er ikkje eit unntak. Med varmen kjem også styrtregnet, og det kjem vi til å få meir av i framtida, seier klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt i pressemeldinga.

Meteorologisk institutt skriv også at det er sannsynleg at sommaren blir varmare enn normalt.