Rebekka (22) lovar ny eggekalender til neste år: – Både kjendisar og andre stiller opp

Rebekka Raad frå Voss samla inn over 15.000 kroner til Kreftforeningen ved å kaste egg til folk.

– Eg var imponert då Guri Solberg slengte seg på graset for å ta imot egget. Barna hennar var med, og dei fekk seg ein skikkelig latter, seier Rebekka Raad til Framtida.

I adventstida laga Rebekka Raad ein noko spesiell kalender, der ho utfordra ulike personar til å ta i mot eit egg som ho kasta – og vippsa Kreftforeningen 100 kroner om dei ikkje klarte det. Om dei klarte utfordringa måtte 22-åringen sjølv vippsa 100 kroner.

Videoar av eggekasta vart dagleg lagt ut på TikTok og Instagram heilt fram til jul. I starten såg ho på adventskalenderen som eit lite prosjekt for eigne følgjarar, og hadde ikkje sett føre seg at over 300.000 personar skulle sjå videoane.

Sjå videoen av programleiar Guri Solberg:

@rebekkaraad3. Desember:santa::skin-tone-3: ##Gurisolberg ##Julekalender ##Foryou

♬ original sound – Rebekkaraad

Ikkje alle eggekast gjekk etter planen

Rebekka Raad samanliknar adventskalenderen sin med ein dugnad som folk engasjerer seg i og stiller opp på.

– Det er kjekt at folk set pris på prosjektet, og heiar det fram. Det har òg sjølvsagt vore moro å kasta egg. Ikkje alle eggekast har gått som planlagt, noko som har gitt det ein humoristisk vri, skriv Raad i ein e-post til Framtida.no.

Til saman samla ho inn 15.760 kroner, og måtte ut med 900 kroner sjølv, sidan ni utfordrarar klarte å ta imot egget.

– Eg håpar pengane kan bidra til kreftforsking, men òg eventuelt at folk med kreft kan få ha det så behageleg som mogleg. Rett og slett å gje kreftpasientar ein betre kvardag.

Då Framtida.no skreiv om kalenderen til Rebekka Raad i desember, fekk ho skryt frå generalsekretær i Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvold Ross.

 Koronaåret 2020 har vore tøft for mange kreftpasientar og pårørande, og då er det ekstra fint å følgje Rebekka som gleder andre med sitt sprelske og morosame eggepåfunn i denne litt tunge førjulstida, skreiv ho i ein e-post til Framtida.no.

Generalsekretær i Kreftforeningen Ingrid Stenstadvold Ross. Foto: Jorunn Valle Nilsen/Kreftforeningen

Stoppa på gata

22-åringen frå Voss fortel at ho har fått enormt med meldingar, der folk heiar og takkar for initiativet.

– Det har òg vore folk som har stoppa meg på gata, for å fortelje si historie, og fortalt kor spesielt det er for dei at eg har kalenderen. Det gjev ein god følelse.

Prosjektet har gjort ho meir bevisst på kor mange som faktisk er rørte av kreft på nært hald. Ho har difor allereie bestemt seg for å gjenta suksessen neste år, sjølv om det kan bli nokre små endringar.

Erfaringa har lært ho mykje, først og fremst om kor høflige folk er.

– Både kjendisar og andre stiller opp så å seie med ein gong. Andre som ikkje har hatt moglegheit til å vippse, vel å heller dele, så kanskje nokon andre får det med seg, som ønskjer å vippse.

Rebekka Raad kastar egg til folk i utfordrande situasjonar, for å samla inn pengar til kreftsaka. Foto: privat/Kollasj: Framtida.no