Unge gutar vert pressa for pengar med nakenbilete

Politiet åtvarar om kriminelle som får gutar til å kle av seg på nett ved å late som dei er ei jente.

Dei kriminelle som driv med dette vil ha pengar for å ikkje dele nakenvideoar eller nakenbilete.

Skjer det deg, er det viktig å få hjelp. Då kan du sjølv ringe politiet på telefonnummer 02800, eller be ein vaksen om hjelp til å melde frå til politiet.