I natt kjem den lengste natta i året

Har du høyrt om Vintersolverv? Det er den dagen i året då det er kortast periode med dagslys, og lengst periode med mørke.

Vintersolverv kjem alltid den 20. eller den 21. desember, og i år kjem dagen den 21. desember.

Grunnen til at det er lite dagslys og mykje mørke, er fordi det er den dagen i året då sola står lågast på himmelen midt på dagen.

Men heldigvis fører den mørke dagen med seg noko godt. For i morgon – då går me allereie mot lysare tider.

Visste du at?

Visste du forresten at me i Skandinavia frå gammalt av feira vintersolverv med Lucia-dagen?

Då menneska bytta til den gregorianske kalendaren (den me brukar i dag), haldt dei fram med å feire Lucia den 13. desember.

Dette sjølv om Lucia-dagen ikkje lenger stemde overeins med vintersolverv. Artig, sant?