Korleis overleve overnatting på ishotell?

SJÅ VIDEO: På dette hotellet er det ingen problem å få isbitar i vatnet. Men korleis er det å sove på ei seng av is? Og korleis kan du lage deg ei kantgrop i snøen?

Kvart år, i takt med at elva Torne frys til is, vert det laga eit nytt ishotell i den vesle landsbyen Jukkasjärvi nord i Sverige. Det har kunstnarar gjort kvar vinter i heile 27 år.
I løpet av eitt år besøker 50.000 menneske dette hotellet, og her får dei sove i hotellrom av is, på senger av is. Hotellet ligg 20 mil frå polarsirkelen, så det er kaldt nok.
Men korleis kan ein sove i eit så kaldt hotell?
Når gjestar kjem til hotellet får dei kurs i å overleve i kulden. Der blir dei fortalt korleis ein skal kle seg og bruke soveposen på rett vis. Soveposen er laga for å tåle 25 minusgrader, men hotellet har ein jamn temperatur på 5 minusgrader, så det går fint å sove i den, oppå eit skinn frå eit reinsdyr.

Kantgrop er den nye snøhola

Har du laga snøhole i vinter? Eller kantgrop? Ei kantgrop skal ifølgje ekspertar vera tryggare enn ei hole. Her er oppskrifta på korleis du lagar ei slik. Kantgropa kan du nemleg grave ut i skråningar med mindre snø enn du treng til ei snøhole.

Slik gjer du:

  1. Du startar med å grave nedover. Lag ei grøft i hoftehøgde eller djupare. Du skal så vidt kunne snu deg i grøfta. Du kan stå oppreist og kaste snøen ut av grøfta.
  2. Når du står i grøfta kan du grave ut ein snøbenk til å liggje på. Grav på skrått nedover og innover frå toppen.
  3. Til slutt legg du eit tak av avlange snøblokker over opninga på toppen.

(Kjelde ut.no)

SJÅ VIDEO: Slik lagar du ei kantgrop på trygt vis. Det er viktig å tenke tryggleik her.