Julekalender luke 5

Det er lite som kan konkurrere med den nydelege lukta av nysteikte, sprø peparkaker før jul. I dagens kalenderluke viser Elea Nerheim Myrtvedt (9) deg ei god oppskrift på heimelaga peparkaker!

Ingrediensar:

  • 2 dl sirup
  • 300 g smør
  • 4 dl sukker
  • 2 dl fløyte
  • 1 ts ingefær
  • 1 ts pepar (strøken skei) 
  • 4 ts kanel
  • 2 ts bakepulver
  • 900 gram kveitemjøl

Du treng:

Pepperkakeformer.

Pynt

Slik gjer du det:

  • Bland smør, sirup og sukker i ei panne. Varm opp på middels varme til alt er heilt smelta. Ta panna av plata og kjøl blandinga litt ned.
  • Rør i fløyte. 
  • Sikt i krydder, bakepulver og mjøl. Spe i meir mjøl til du får ein passe fast deig.  
  • La gjerne peparkakedeigen stå kaldt til neste dag. Du kan også la deigen stå i kjøleskapet 3-4 timar før du stikk ut kakene.
  • Sett steikeovnen på 175 °C.
  • Elt deigen i litt mjøl på bordet og kjevle ut. Stikk ut ulike figurar og steik dei i 9-10 minutt til dei er gylne. 
  • Avkjøl kakene på ei rist. 

 

TIPS: Viss du skal henge opp peparkakene er det viktig at du lagar eit hol til bandet før steiking.

 

På framtidajunior.no eller YouTube kan du søkje på «Elea sitt kjøkken» for å få meir inspirasjon til rettar du kan lage.