Kreftsjuk mor i «Snøfall 2» skaper diskusjon

Årets julekalender på NRK har skapt eit stort engasjement. Nokon synest det blir for tøft å sjå at mora i serien er kreftsjuk, medan andre synest det er viktig at barn får sjå at livet også kan vera veldig vanskeleg. Spesielt dersom ein forelder blir sjuk.

I Snøfall møter me ti år gamle Noah og mor hans. Noah har skrive brev til julenissen der han ønskjer at den kreftsjuke mor hans skal bli frisk. Han er redd for at brevet ikkje når fram i tide, og bestemmer seg for å reisa til Snøfall for å snakka med julenissen.

Det er ikkje alle som synest kreft og sjukdom bør vera tema i ein julekalender. Dagbladet har intervjua Camilla Heggelund Paulsen som har barn på fire og 11 år. Dei valde å skru av etter to episodar.

Oppgitt

Også enkjemann og far Eivind Løvdal blei oppgitt då han såg fyrste episode av serien.

«Å nei, ikkje no igjen, tenkte eg då son min og eg sat heime og så premieren på Snøfall 2». Det skriv han i ein kommentar på NRK Ytring.

Han meiner at familiar der ein av foreldrene er døde går igjen i altfor mange seriar for barn.

Fleire klagar

Ifølgje kommunikasjonsansvarleg i NRK, Heidi Frogg, hadde det før helga komme inn 38 klagar på serien.

Forfattarane bak serien seier det er heilt medvite at dei tek opp eit alvorleg tema.

– Me skjønner at dette er vanskeleg for mange å ta innover seg, men samtidig meiner me det er viktig å visa desse barna at me andre ser at det ikkje er så lett å handtera alt som livet byr på, seier Ingrid Marie Hafstad, ein av medforfattarane bak serien, til NRK.

Ser du på årets julekalender på NRK?

Ser du på årets julekalender på NRK?

Ja, eg gler meg kvar dag.126
Nei, det blei for skummelt.79
Eg ser ikkje på julekalender.20
Ja, men det er litt vanskeleg.14
Svar totalt: 239