Julekalender luke 2

I dagens luke har vi eit koseleg prosjekt du kan gjere no i førjulstida. Det kan bli ei fin gåve til nokon du er glad i. Eller til å henge i vindauga på rommet ditt?

Slik syr du eit julehjarta!

Dette treng du:

  • Stoff – bruk gjerne eit plagg du ikkje brukar meir
  • Nål og tråd – eller symaskin om du har. Men nål og tråd fungerer like fint!

Slik gjer du:

Klypp ut to like delar med stoff. Vi har laga eit hjarte, men du kan lage kva som helst form. Berre hugs at forma må vera mogleg å sy. Viss du har mange kantar, kan det vera vanskeleg å få fint når du syr.

Legg delane med mønstersida av stoffet innover. Altså, at mønsteret ligg mot kvarandre.

Sy rundt heile hjarta. Pass på at du syr nokre millimeter frå kanten, og la det vera att ei opning på 8-10 cm.

Foto: Janne Nerheim

Fest og klypp av trådane.

Foto: Janne Nerheim

Vreng hjarta, slik at mønsteret kjem ut.

Foto: Janne Nerheim

Fyll med vatt eller bomull.

Foto: Janne Nerheim

Sy att opninga med nål og tråd. Fest tråden.

Foto: Janne Nerheim

Fest i ein hyssing du kan henge opp hjarta med. Sytråd fungerer også heilt fint. Ta det du har.

Foto: Janne Nerheim