Marte (9) teikna Donald Trump i fritt fall

– Eg ville stemt på Joe Biden om eg budde i USA. Eg håpar Trump fell ned frå jobben som president, seier Marte.

Marte Sollesnes går i 4. klasse ved Ruseløkka skole i Oslo. Nyleg teikna ho ein karikatur av Donald Trump. Ein karikatur er ei komisk framstilling av ein person, der spesielle trekk ved utsjånaden eller personlegdomen til personen vert trekte fram.

– Fyrst teikna eg ein himmel med skyer. Så luftballongen og fuglane. Ei eg kjenner såg teikninga og ho sa eg burde teikne inn noko som fell nedover. Då teikna eg Donald Trump, fortel Marte.

Artikkelen held fram under bilete.

DUMME TING: Marte likar ikkje at Trump snakkar ned andre. – Han seier dumme ting om for eksempel damer eller motkandidaten Biden. Det er ikkje greitt, seier ho.

Ho teiknar ofte på skulebussen som tek 20 minutt kvar veg. Det var det ho gjorde denne dagen. Teikninga laga ho i appen «Sketches».

Snakkar ned andre

– Eg tenkjer på Donald Trump som ein mann som seier dumme ting. Og ofte snakkar han stygt om andre menneske. Eg hugsar han sa at folk kunne drikke antibac mot koronaviruset. Ein del folk gjorde som han sa og vart sjuke. Etterpå sa han at han berre tulla, fortel Marte.

Ho likar heller ikkje at Trump snakkar ned andre. 

– Han seier dumme ting om for eksempel damer eller motkandidaten Biden. Det er ikkje greitt, seier Marte.