Flekkfri sjiraff fødd i USA

Den sjeldne sjiraffen utan flekkar kom til verda i Tennessee Zoo.

Sjiraffen vart fødd 31. juli i Brights Zoo i Limestone, Tennessee. Ifølgje dyrehagen er dette den einaste sjiraffen dei veit om utan flekkar. Sist gong ein flekkfri sjiraff vart fødd, var i Ueno Zoo i Tokyo, ifølgje USA Today.

Slik ser den flekkfrie sjiraffungen ut. Foto: Brights Zoo på Facebook

No leitar dyrehagen etter namn til sjiraffungen. Namnekåringa går føre seg på dyrehagen si Facebook-side. Der kan folk velja mellom fire namn:

  • Kipekee, som betyr «unik»
  • Firyali, som betyr «ekstraordinær»
  • Shakiri, som betyr «ho er den vakraste»
  • Jamella, som betyr «ei med stor skjønnheit»