Kva vil du spørje Hennika om?

No har du sjansen til å spørje årets MGPjr-vinnar Hennika om det du lurer på - skriv til oss i kommentarfeltet!

Laurdag 22. august vart Melodi Grand Prix junior (MGPjr) arrangert for 19. gong. Det var 11 år gamle Hennika Eggum Huuse som vann finalen i Oslo Spektrum, med låta “Kan ikke la deg gå”.

Saka held fram etter videoen.

Framtida Junior skal intervjue Hennika denne veka, og vil då gje deg som er fan av musikken hennar sjansen til å stille eit spørsmål.

Kanskje lurer du på korleis ho fekk idéen til vinnarlåta? Eller på korleis det er å vere tilbake på skulen som MGPjr-vinnar? Eller kanskje du vil vite korleis ho har blitt så kul på håret?

Skriv inn det du lurer på i kommentarfeltet under, eller send det på e-post innan torsdag morgon til helene@framtida.no, så kanskje du blir den heldige som får svar på spørsmålet sitt frå MGPjr-vinnaren Hennika.