Grunnen for at dei har sendt brevet er fordi Stortinget skal torsdag halde ei høyring om iskanten, og regjeringsforslaget om å flytte grensa for oljeverksemd i Barentshavet, skriv NRK.
Det har vore mykje snakk om ein iskant, men kva iskant er det?
Iskanten er området der isen i Arktis møter det opne havet. Alle er einige om at iskanten i nord går i Barentshavet (mellom Noreg og Svalbard) – men sidan is smeltar kvar vår er det usemje om kvar grensa går.

- LES OGSÅ: Kvar er iskanten på Svalbard?
Aktivistane meiner Noregs planar om å utvinne meir olje og gass strid mot FNs barnekonvensjon, som går ut på å verne barn frå truslar mot helsa og velværet deira.
- LES OGSÅ: Barnekonvensjonen 30 år
- KVISS: Kva kan du om FN?