Tips for å sjå moreld
Viss du kjenner nokon som har ein båt, kan du overtale dei til å ta ein tur ut på sjøen når det har blitt mørkt. Slå av alle lys, venn auga til mørket, og skru på motoren eller rør rundt i vatnet med ei åre, fortel Ragnhild. Forskaren minner om at du må vere forsiktig når du er på sjøen i mørket, båten må gå sakte!
Har du vore ute på båttur ein haustkveld og sett at sjøen plutseleg begynner å lyse når du tar eit åretak? Dette blir kalla moreld. Men kva er eigentleg moreld?
Forskar Ragnhild Irene Klæboe Jacobsen ved NTNU er ekspert på lys som dyr lagar sjølve.
– Moreld er lys du kan sjå i havet, ofte laga av algar. Desse algane lagar lys når dei blir forstyrra. Når det er mange av dei og du rører rundt i vatnet, ser det ut som om vatnet gløder, skriv Ragnhild i ein e-post til Framtida junior.

Sjansane for å sjå moreld aukar når kalenderen viser haust. Då er vassoverflata varm og kveldane mørke.
– Den beste tida å sjå moreld på er når algane formeirar seg. Då blir det mange av dei! Algar liker ofte varme og lys, men for å sjå lyset dei lagar, må det også vere mørkt, forklarer Ragnhild.
Lysforureining gjer det vanskelegare å sjå moreld
Før ein visste kva moreld var, tenkte folk ulikt om kvifor havet glitra når det var mørkt. Ein vanleg myte var at det var stjerner som hadde falle ned frå himmelen.
I våre dagar gjer lysforureining det vanskelegare å sjå både stjernehimmelen og moreld. Lysforureining er forstyrrande kunstig lys, for eksempel frå gatelykter.
– Viss du ønsker å sjå moreld, er det aller viktigaste å vere ein stad der det er mørkt, enten ved eller på sjøen. Dette er ikkje så lett for tida, med lysforureining frå både byar og oppdrettsanlegg. Men om algeoppblomstringa har vore veldig stor, kan algane lage så mykje lys at du ser det likevel, skriv Ragnhild.
Sjølv om lysforureining gjer det vanskelegare å sjå moreld, kan klimaendringane derimot gjere at det blir meir moreld i framtida.
– Ja, det kan nok bli meir moreld her til lands om vatnet blir varmare, meiner forskaren.

Verdas største vandring fører til mange fargar på havoverflata
Det er ikkje berre moreld-algar som lyser i havoverflata når det er mørkt. Ragnhild forskar på andre organismar som også lyser av seg sjølve. Ein organisme er eit bittelite levande vesen. Desse vesena vandrar opp til overflata for å ete om dagen, og så gøymer dei seg i djupet når det blir lyst.

– Det er faktisk verdas største vandring, og den skjer to gonger om dagen i havet! Så om du leiter etter moreld i ein båt på sjøen i mørket, kan du sjå lys frå mange forskjellige vesen. Nokon lagar korte, blå lysglimt, nokon lyser lenger, og nokon lagar til og med gult lys! Gult lys i havet er sjeldan, så du er ekstra heldig om du ser det, skriv Ragnhild.






















