Kvar er iskanten på Svalbard – og kvifor snakkar alle om han?

Iskanten er området der isen i Arktis møter det opne havet. Alle er einige om at iskanten i nord går i Barentshavet (mellom Noreg og Svalbard) – men sidan is smeltar kvar vår er det usemje om kvar grensa går.

Grunnen til at alle snakkar om iskanten akkurat no er at Regjeringa i løpet av 2020 skal leggja fram nye forvaltningsplanar for havområda Lofoten-Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen-Skagerrak.

Definisjonen av iskanten er viktig, fordi det legg føringar for kor langt nord ein kan opna for olje- og gassverksemd.

Den raude linja viser kor iskanten går i dag:

Illustrasjon: WWF

Faglig forum er ei ekspertgruppe som gir faglege råd om forvaltning av havområda. Dei har ikkje vore einige om ei tilråding: nokre meiner iskanten skal liggje der det er 30 prosent sjanse for is i april (der den er i dag), andre meiner han skal liggje der det er 0,5 prosent sjanse for is – som er lenger sør.

Ein lengre versjon av saka kan du finne på Framtida.