BARNEKONVENSJONEN: – Barna sine eigne menneskerettar

Den 20. november kvart år er det bursdagen til Barnekonvensjonen til FN og Verdas barnedag.

Hovudmålet med Barnekonvensjonen er å forbetre velferda til alle barn.

FN sine reglar om rettane til barnet vart einstemmig vedtatt av leiarane i verda på FN si generalforsamling 20. november 1989. Det betyr at Barnekonvensjonen er 30 år i 2019.

Ikkje alle har det like bra

Leah Sofie veit at det ikkje er alle barn i verda som har det like godt som her i Noreg.

– Å få ein trygg oppvekst er noko eg tek som ei sjølvfølge. Eg klarer nesten ikkje førestille meg korleis det er å leve i eit land med krig.

Men ein må ikkje til utlandet for å finne barn som ikkje får rettane sine innfridd. Her i Noreg er det også barn som blir frårøva rettane. Det kan vere alt frå vald, misbruk, omsorgsvikt og det å ha det trygt rundt seg.

– Alle barn har rett til å vekse opp i ein trygg heim, fortel Leah Sofie.

– Og det er det ikkje alle som får, legg ho til.

I Noreg er det lovfesta at alle som er under 18 år er barn. Foreldra har hovudansvaret for oppsedinga og utviklinga til barnet, men det er staten som har ansvaret for at rettane til barn blir følgde. FN har gitt UNICEF oppgåva med å kjempa for at Barnekonvensjonen blir etterlevd.

Her er nokre av rettane i Barnekonvensjonen

  • Alle barn har rett til å bli høyrt og bli tatt omsyn til.
  • Alle barn har rett til å gå på skule.
  • Alle barn har rett til leik, fritid og kvile.
  • Alle barn har dei same rettane.
  • Alle barn er fødde frie og er like mykje verd.
  • Alle barn har rett til eit namn og ein nasjonalitet.
  • Alle barn har rett til vern.
  • Alle barn har rett til best mogleg helsehjelp og nok mat og drikke.

Visste du at…

Barn sine rettar i Jul i Skomakergata

Barna sine rettar blei presentert i den julekalenderen, Jul i Skomakergata, som blei vist på NRK i 1979. Julekalenderen heitte Jul i Skomakergata. Der viste Tøfflus ein film av Jon Blund som presenterte barna sine rettar.

I 1979 var det FN sitt internasjonale barneår. Og NRK markerte dette ved å lage denne julekalenderen.

Jul i Skomakergata kan ein sjå i NRK sin nettspelar.

Sjølv om barnekonvensjonen blei vedteke i 1989 har FN jobba med rettar for barn lenge før det. Det starta allereie i 1924. 

Jul i Skomakergata handlar om skomakaren Jens Petrus Andersen som får besøk i dagane fram mot jul. Foto: Paul Owesen / NTB / SCANPIX