Vann skrivekonkurransen til Framtida Junior: – Håpar skulen startar snart

Dani-Aron Østhus Pedersen (12) skreiv eit meiningslegg om korleis det er å ha heimeskule. Han håpar det ikkje blir lenge å venta til skulen opnar for 5.-7. trinn.

Regjeringa valde å vera meir forsiktig enn råda dei fekk frå ekspertar, og vil berre opna skulen for alle elevar på 1.-4.trinn frå måndag 27. april. Eldre elevar må venta meir.

Dani-Aron Østhus Pedersen (12) frå Eikefjord var med i skrivekonkurransen til Framtida Junior med tema korona og heimeskule. Han vann heile konkurransen.

I vinnarinnlegget skriv han at det har vore vanskeleg, tungt og lærerikt å ha heimeskule.

– Det går veldig mykje betre no, seier 12-åringen frå Eikefjord i Kinn kommune på telefon.

No har han blitt van med å bruka Teams, Onenote og andre digitale verktøy.

– Litt sjalu

I innlegget skriv han om det ikkje har vore så enkelt å plutseleg skulle vera sin eigen lærar, heime i huset, saman med lillesøster i 3. klasse og veslebror som går i barnehagen.

– Eg litt sjalu på dei som får gå på skulen. Det har eg òg lyst til. Eg håpar me får koma tilbake snart, helst veka etter dei andre, seier Dani-Aron Østhus Pedersen.