Når kvardagen blir snudd på hovudet

Framtida junior har hatt fleire skrivekonkurranser. Dani-Aron Østhus Pedersen, 12 år, frå Eikefjord vann skrivekonkurransen vår med dette meiningsinnlegget.

Eg har no hatt heimeskule i litt over ei veke. Dette har vore vanskeleg, tungt og lærerikt. I starten syntes eg at det var overveldande, og eg visste ikkje heilt kvar eg skulle begynne. Eg fekk veldig lite tid til å forberede meg på den nye kvardagen, men likevel er det nok andre som slit med å tilpasse seg den nye kvardagen meir enn meg. Eg tenkjer no å dele mine tankar og opplevingar rundt dette.

– Eg er stolt!

Å gå frå ein kvardag med heilt vanleg skule der eg er saman med klassekamerater, ler og har det kjekt, til å plutseleg skulle vere min eigen lærar, heime i huset mitt, saman med veslesøster i 3. klasse og lillebror som går i barnehagen, har ikkje vore enkelt. Her ringer det ikkje inn, og eg må plutseleg passe på når eg har nettmøte med klassen min på iPad. Ein kan trygt seie at det ikkje har vore enkelt å få alt til å klaffe, iallefall ikkje i begynnelsen, men det har heldigvis gått seg til etterkvart.

Eg føler at eg har utvikla meg og vakse på denne opplevinga. Eg har lært meg å bruke nye program og appar, og kjenner at den digitale kompetansen min har auka. Eg er stolt.

Heldig

Eg kjenner meg samtidig heldig som er ein av dei som har ein vaksen til å hjelpe meg med leksene. Endå meir heldig er eg for at mor mi, som er heime med meg, er ein utdanna lærar som hjelper meg med alt eg trenger hjelp til. Då tenker eg på dei som er aleine heime og ikkje har ein vaksen til å støtte og hjelpe seg. Det kan skuldast at foreldra må vere på jobb, eller at foreldra av ulike årsaker ikkje klarer å støtte dei. Eg tenker på dei som ikkje har det trygt heime og som treng skulen for å få fri fra det vonde som skjer i heimen. Desse borna er det viktig å passe på, og eg håpar berre at lærarar, andre vaksne eller til og med klassekameratar har eit ekstra auge til dei.

Eg skal klare meg og eg håpar alle andre gjer det óg.

Har du noko på hjartet?

Skriv meininga di og send inn til junior@framtida.no!