Difor er det så vanskeleg å slutte å ta seg sjølv i ansiktet

Det er ein impuls som er svært vrien å overstyre, seier forskarane.

For å hindre koronasmitte, oppfordrar myndigheitene til god hand- og hostehygiene. Dessutan blir vi råda til å ikkje ta oss i ansiktet når vi er ute i offentligheten. Ved å ta på ansiktet, så fører vi nemleg viruspartiklar inn mot auge, nase og munn. Du kan med andre ord bli smitta av deg sjølv.

Men kvifor er det så vanskeleg å la vera?

– Det å røre ved ansiktet er ein måte å roe ned kroppen på, seier psykolog Marte Halse til NRK. 

I ansiktet ditt ligg nemleg nervecellene tett i tett.

Tulleråd og gode råd

Eit råd som sirkulerer i sosiale medium er at du skal dyppe fingrane dine i Nutella. Då kjem du ikkje til å ta deg i ansiktet. Det er jo eit tulleråd, men kanskje gøy likevel? Marte Halse har eit betre tips til oss.

– Sukk djupt. Det roar også ned kroppen.

Uansett er det viktigaste å vaske hendene ofte.