Lego lovar å lage grøne klossar

I 2030 skal alle Lego-klossar vera grøne, lovar den danske lekegiganten. Då er det nemleg slutt på bruk av plast framstilt av fossilt brensel.

Lego-familien vil satse milliardar på å utvikle berekraftig plast, framstilt av for eksempel sukkerrør eller trevirke, skriv den danske avisa Børsen.

– Det er ikkje ei lett oppgåve, og vi har kun kome eit stykke på veg i dag, seier Lego sin administrerande direktør Niels B. Christiansen til TV2.

I 2015 satte Lego av 1 milliard danske kroner for å forske på meir berekraftige klossar, men under 2 prosent av klossane som blir solgt i dag, er laga av berekraftige material.

Berre buskar og blader til trea i Lego er i dag laga av berekraftig materiale, nærmare bestemt sukkerrør.