Vinnarteksten av skrivekonkurransen: Den magiske miljøkrafta

Andrea (10) vann skrivekonkurransen med miljø-eventyr

Det var ein gong ei jente som heitte Guro. Ho var 11 år og hadde langt, lyst, krøllete hår. No stod ho ved vindauget og såg ut. Det pøsregna og blåste så mykje at mange av trea hadde blåse ned i den store skogen nedanfor huset. No kunne Guro sjå rett på dei store fjelltoppane som til vanleg var gøymt bak alle dei høge trea i skogen. Guro stod der ei lang stund. 

Illustrasjon: Linn Isabell Eielsen

Plutseleg såg ho ein stor, svart prikk med venger koma flygande rett mot henne. Ho kunne ikkje sjå kva type flygande vesen det var, for det var så langt vekke. Men ho var heilt sikker på at det ikkje var eit hyggeleg vesen. Ho var så forvirra at ho ikkje klarte å gøyma seg eller springa vekk. No var vesenet kome nærare. Ho grøssa då ho såg kva det var som kom rett mot henne.

Ei ørn! Det var ei lys levande ørn! Ho sette i eit hyl!

No var ørna berre nokre centimeter frå ho. Guro rakk så vidt å blunka før ørna sette klørne i henne. Ørna var veldig sterk, så ho reiv Guro ut av rommet og flaug vekk. Regnet piska i det våte ansiktet til Guro. Kor skulle ho? Og kva ville den store, skumle ørna med henne? 

Ørna flaug langt, og med Guro på slep, flaug dei over hav og fjell. Guro begynte å lura på om ho snart måtte kasta opp. Ho blei letta då ho kjende at ørna senka farten og dalte nedover. Og endeleg –  der landa dei. Ørna sette Guro forsiktig ned. Guro såg seg rundt, ho sat i ein gigantisk skog! Det var grønt så langt auga kunne sjå, og det var fullt av søppel spreidd rundt på bakken. Og det var heilt musestille. Det einaste ho høyrde var ein svak fuglesong oppe frå trea. Fuglesongen var trist. Veldig trist. Guro blei avbrote midt i all tenkinga av ei svak, men tydeleg stemme.

«Hei, eg er Øystein Ørn, eg må beklaga for den uventa flygeturen. Men no er du her, og det er supert!». 

Guro snudde seg mot den store ørna. «Kan du snakka?»                                                                                                             

«Sjølvsagt kan eg snakka! Alle dyr kan snakka.»                                                        

«Eg har aldri høyrt dyr snakka!» Guro såg forskrekka ut.                                                                                      

«Det er fordi menneske berre kan høyra at me snakkar når dei er i denne skogen. Men no må me koma til saka!»                                                                    

«Kva sak?», svara Guro forundra.                                                                                     

«Eg henta deg fordi … Me dyr treng hjelp av ei ung og modig jente som deg.»

Illustrasjon: Linn Isabell Eielsen

 Plutseleg såg Guro mange dyr koma til syne. Dei smatt vekk frå gøymeplassane sine, og omringa både ørna og Guro. 

«Dette er vennene mine», sa Øystein. «Eg trur dei skal få presentera seg sjølve».                                                                      

«Hedda Hjort», sa ein lysebrun hjort.                                                                             

«Elvis Elg», sa ein stor og høg elg.                                                                                 

«Eg heiter Henrik Harepus», sa ein silkekvit hare.                                                      

«Rikke Rev», sa ein jordbærraud rev.                                                                            

«Mitt namn er Benjamin Bjørn», sa ein liten bjørnunge.                                            

«Eg er Bjørnar Bjørn, pappaen til Benjamin», sa ein stor, nesten litt skummel bjørn.                                                            

«Birgitte bjørn, eg er mamma til Benjamin, og kona til Bjørnar», sa ei fin damebjørn.          «Hei», sa Guro til dyra. «Eg heiter Guro og er 11 år»                                          

Dyra såg på Guro med store auge. 

«Ja, Guro, som sagt treng me hjelp», gjentok Øystein.

«Det er mange dyr som har døydd eller blitt sjuke av all den plasten og alt søppelet de menneske har kasta rundt omkring i naturen. Og me tenkte kanskje du … kunne … hjelpa?»

Illustrasjon: Linn Isabell Eielsen

Øystein stod som ein statue og såg på Guro, han venta på eit tydeleg svar. Guro stod og tenkte seg litt om. Ho hadde aldri tenkt så mykje på det, men då ho høyrde kva Øystein sa, blei ho heilt stum. Det var jo heilt forferdeleg! Stakkars alle dei søte dyra, det var jo ikkje deira feil. 

«Eg vil gjerna hjelpa dykk, men eg kan ikkje klara det aleine.» sa Guro til slutt.

Dyra sine ansikt senka seg frå spente til triste, ja, nesten alle ansikta, alle unntatt Benjamin sitt – for han var jo berre ein bjørnunge, så han skjønte ikkje kva dei snakka om. 

Guro synest så synd på dei. «Eg kan gjera eit forsøk … Men eg må sova på det. Kva er klokka?»                                   

«Klokka????» Øystein såg forvirra bort på Guro. «Kva er ei klokke?»  

«Veit du ikkje kva ei klokke er?», sa Guro forundra. 

Då Guro endeleg hadde fortalt Øystein og dei andre dyra kva ei klokke var, la dyra og Guro seg til å sova. Øystein Ørn sovna først, så sovna Rikke Rev og Henrik Harepus, Benjamin Bjørn, Hedda Hjort og Bjørnar Bjørn og Birgitte Bjørn. Men Guro fekk ikkje sova. Ho tenkte så det knaka. Og ho var ikkje vant med å ligga på ein bakke full av søppel i ein gigantisk skog! Men til slutt sovna ho. 

Det var midt på natta, og Guro sov framleis. Men ho hadde mareritt. Ho drøymde om alle dei stakkars dyra som døydde og blei alvorleg sjuke, fordi menneska kasta så mykje søppel! Plutseleg vakna ho. Ho kjende at det prikka i fingrane og verka i føtene. 

«Poff, piff, paff». 

Guro sovna igjen. Då klokka var 9 om morgonen vakna ho. Øystein og dei andre dyra var vakne alt. Dei prøvde å finna opp ein god idé slik at søppelet kunne forsvinna.

«Eg kunne ønska eg hadde ei superkraft, og at eg berre kunne seia: Sim Sala Bim, alt søppel forsvinn!», sa Guro. 

Men akkurat då ho sa det, så POFF – forsvann masse av søppelet som låg rundt henne. 

Alle klappa og smilte! No blei dei glade. Dei hadde nettopp funne ut korleis dei kunne klara å redda verda frå søppel. Dei ville starta med ein gong. Men dei bestemte seg for at nokre av dyra måtte bli igjen i skogen. 

Det blei avgjort at Øystein Ørn, Guro og Henrik Harepus skulle reisa, og at resten måtte bli igjen i skogen. Henrik og Guro klatra opp på ryggen til Øystein. Dei vinka hade til resten av dyra, og flaug av stad. Dei flaug og flaug og flaug. Guro synest ikkje det var så gøy denne gongen heller, men det var betre enn sist gong. Då dei nærma seg byen der Guro budde, smilte Guro. No er det overstått, tenkte ho. Men heilt plutseleg skifta Øystein retninga. Han la i veg mot himmelen. Guro datt nesten av ryggen til Øystein då han suste oppover. Men då dei var så langt oppe i lufta at menneska såg ut som sagflis og husa som legoklossar, stansa dei. 

«Skyt ut magien din Guro!», sa Øystein og Henrik i kor. 

«Javel», svarte Guro. 

Ho lukka augo og strekte hendene ut i lufta. Men akkurat då ho skulle seia: Sim Sala Bim – alt søppel forsvinn, såg ho to gutar på cirka 14 år som kom mot dei. Dei sat i eit helikopter. Ein av dei hoppa ut av helikopteret med ein slags ryggsekk, som fort forvandla seg til ein stor raud fallskjerm. No ropte guten noko til Guro. 

Illustrasjon: Linn Isabell Eielsen

«Sit du her? Du di litle fiskekake, som trur at du liksom skal redda verda for søppel? Då tar du veldig feil, me har kome her for å stoppa deg! Me er for forsøpling! Det finst ikkje noko som heiter klimaendringar. Men du er vel for dum til å vita det!», sa guten med ei mørk, sjølvsikker stemme.      

«Jo, det finst klimaendringar, dyr blir faktisk sjuke av all den plasten og alt det søppelet me menneske kastar rundt i naturen. Og ikkje nok med det – all eksosen frå bilane og flya gjer jorda varmare for kvar dag som går. Me kjem til å svolta i hel, ja, døy! Berre fordi me kastar så masse i naturen». 

Guro prøvde å høyra sjølvsikker og modig ut, men eigentleg var ho nervøs.

«Berre prøv du, men då skal me gjera noko heilt skrekkeleg med deg!», svara guten. 

Det blei til slutt ein veldig stor og ekkel krangel. Guro prøvde innimellom å skyta ut magien, men kvar gong blei ho stoppa. Ho hadde prøvd to gongar. Men den tredje gongen ho prøvde klarte ho det. Alle jubla, unntatt gutane, dei var illsinte.  

«Der ser du!», ropte Guro så høgt at guten kvapp, og gjorde sånn at han i helikopteret mista balansen og trykte på ein knapp han ikkje skulle trykka på. Og plutseleg styrta helikopteret nedover. 

Guro, Henrik og Øystein jubla vidare, men måtte le då dei såg gutane fara ned som to idiotar på himmelen. Guro hadde klart det. Øystein flaug ned til den gigantiske grøne skogen igjen. Søppelet var vekke! Det blei ein vill fest, alle var glade, til og med Benjamin. 

Så flaug Øystein Guro heim. Mamma til Guro hadde vore så redd. Og ho lurte på kor Guro hadde vore? Men Guro sa at det var ein stor hemmelegheit! 

Og snipp, snapp, snute, så er eventyret om Guro og dyra ute.

LES OGSÅ: Intervju av vinnaren

  • Namn: Andrea Alfsvåg Kaldestad
  • Alder: 10 år 
  • Skule: Rommetveit skule, Stord