Andrea (10) vann skrivekonkurransen med miljø-eventyr

– Eg fekk nesten ikkje pusta! seier Andrea Alfsvåg Kaldestad om korleis det var å få beskjeden om at ho vann skrivekonkurransen til Framtida Junior.

I konkurranse med over hundre andre deltakarar frå heile landet vann 10-åringen frå Stord skrivekonkurransen til Framtida Junior. I premie får ho 500 kroner og abonnement på Framtida Junior.

– Det er veldig kjekt å vinna, seier Andrea Alfsvåg Kaldestad og innrømmer at ho blei overraska då ho fekk beskjeden på skulen.

I eventyret skriv ho om ei jente som heiter Guro som har ei magisk miljøkraft og blir henta av ei ørn for å redda naturen.

Har skrive si eiga bok

Andrea Alfsvåg Kaldestad fortel at ho likar godt å lesa, og at ho òg likar å skriva.

– Eg ein app på ipaden der eg kan skriva mine eigne bøker legga inn bilde. Eg har skrive ei bok, og har begynt på nokre andre.

– Kva er det som er kjekt med å skriva?

– Eg synest det er litt gøy for når eg les så kjem eg inn i historiane. Og når eg skriv sjølv så prøver eg koma inn i mine eigne historiar.

– Kva skal du bli når du blir vaksen?

– Då vil eg bli forfattar og sjukepleiar. Eg har lyst til å bli forfattar fordi eg likar så godt å skriva. Og så vil eg bli sjukepleiar for å hjelpa dei som er sjuke.