Håpefull parade for barn på sjukehus

Dette biletet er frå den årlege roseparaden i Pasadena, California. Temaet for årets parade var «The Power of Hope» som tyder «håpets kraft» på norsk.

Roseparaden er ein årleg parade i USA. Fyrste gong den vart arrangert var 1. januar i år 1890. Fleire hundre tusen menneske møter opp for å sjå paraden, og mange millionar fekk den med seg på TV.

Årets parade hadde over 40 slike “flåtar” som du ser på biletet. Denne flåten vart laga av barnesjukehuset Shriners som vil bringe håp til barn som er på sjukehus.

I tillegg var det 450 hestar, 20 korps og mange, mange menneske som deltok i paraden, ifølgje Wikipedia.