Tidligare vinnar i «Norske talenter» er med i finalen til «America’s Got Talent»

Nordmannen Angelina Jordan (13) var plukka ut til å konkurrere på den amerikanske versjonen av programmet ho vann i Noreg. «America’s Got Talent» – med undertittelen «The Champions». Der konkurrerer eit stort antall tidlegare vinnarar frå ulike land.

Denne veka sikra Angelina Jordan seg ein plass i finalen, då ein av dommarane, Heidi Klum, trykte på gullknappen.

– For ei stemme, skreiv dommaren, Heidi Klum, på Twitter etterpå

Angelina framførte Queen-låten «Bohemian Rhapsody».

Her kan du sjå Angelina då ho var med i Norske talenter som sjuåring