Tuva vann Norske Talenter: – Eg klarar ikkje tenkje at eg faktisk har vunne

Tuva Lutro (13) klarar framleis ikkje tru at ho gjekk av med sigeren i Norske Talenter. Ho vart heidra som ei prinsessa av Odda då ho kom heim.

– Dette kom veldig uventa. Det er heilt uverkeleg. Eg klarar ikkje tenkje at eg har vunne. Eg kan seie det og har fått klemmar og skryt. Men det går ikkje opp for meg, svarar ei glad Tuva Lutro etter sigeren i Norske Talenter.  

Ein etter ein fekk vite at dei ikkje var med vidare.

– Eg tenkte ikkje sei Tuva, ikkje sei Tuva! Så sa ho Tuva, fortel ho med spenning i stemma. Ho trudde det var over.

Ho tenkte at eg bryr meg ikkje. Du høyrer sårheit og intensitet i stemma.

– Eg gjorde mitt beste. Stemma for igjen den positive klangen som berre Tuva kan.

– Dette har vore eit utruleg eventyr. Eg kjem aldri til å gløyma det, fortel ho.

FOTO: Gunn Gravdal Elton

Vart behandla som ei heimkomen prinsesse

Odda tok i mot Tuva med brask og bram. Dei stod klar då ho heim etter sigeren i finalen.

– Det var veldig koseleg. Eg vart veldig glad. Eg hadde aldri trudd at det skulle koma så mykje folk.

Ho er usikker om skal gje ut noko meir musikk.

– Eg må sjå, eg har ikkje noko avtale. Det hadde vore kjekt å kome ut med ein ny song. Eg trur eg må vente litt til før det skal skje, seier Tuva.

Vann ein halv million

Ho har ikkje fått tenkt på kva ho skal bruke premien på 500 000 kroner til.

– Eg trur det tar litt tid før eg bestemme meg for kva eg skal bruka dei til. Akkurat no skal eg ha dei på sparekontoen. Så kan dei pengane voksa til eg vert eldre. Viss eg vil gå musikklinja, må eg bruka litt pengar på det. Eg er jo veldig heldig som har fått så mykje pengar. No kan eg bruka ein del til musikklinja.

Tuva er veldig nøgd med at ho fått ein sjanse til å nå draumane sine.

– Det er ein stor sjanse å få. Det er jo eit stort steg å faktisk vinna, fortel ho.