10 ting du ikkje visste om grisar

Ung.Forskning har funne ti kule fakta om grisar. Visste du at grisar er smartare enn dei fleste andre dyr? Og at dei elskar å bade?

1. Grisar kan symje

På Bahamas, sør for Florida i USA, finst det ei øy der det berre bur grisar. Dei er berømte fordi dei bur i vatnet og turistar kjem dit for å symje saman med grisane.

2. Grisar elskar søle

Grisen rullar seg i søla for å kjøle seg ned. Den sveittar nemleg ikkje slik vi menneske gjer. Søla beskyttar også grisen mot sol og insekt.

3. Grisar kan få 16 babyar på same tid

Ei grisepurke kan føde 16 ungar på ein gong!

4. Tigrar et gris

Tigeren bur i Asia, og nokre stader er grisen den vanlegaste maten for tigrane.

5. Grisar kan ikkje sjå opp

Grisar rotar etter mat på bakken. Difor er musklane i nakken blitt utvikla slik at dei ikkje kan sjå opp. Grisen kan sjølvsagt leggje deg på bakken og kikke opp, så heilt umogleg er det ikkje for dei å sjå himmelen.

6. Grisar er smarte

Grisar blir rekna som det fjerde mest intelligente dyret i verda. Sjimpansar, delfinar og elefantar er smartare enn grisen, meiner dei som har forska på dette.

7. Det er to milliardar grisar i verda

Ein milliard er tusen millionar – så det er mange griser! Kina er det landet med flest grisar. I Danmark er det dobbelt så mange grisar som menneske.

8. Grisar kan springe veldig fort

Ein vill gris, altså eit villsvin, kan springe  50 kilometer i timen. Tamme grisar kan ikkje springe så raskt, men 17 kilometer i timen klarar dei.

9. Grisar samlar greiner og bark for å førebu seg til dei skal få babyer

Ein forskar fulgte med då nokre ville grisar førebudde seg til å få baby. Dei nytta pinnar til å grave med, så han fann ut at dei kan bruke reiskapar.

10. Grisar har mykje betre smakssans og luktesans enn menneske

Vi menneske har 9000 smaksløkar. Dei gjer at vi kan kjenne korleis maten smakar. Grisar har 15 000 smaksløkar. Dei kan også lukte ting mykje betre enn oss.

Kjelde: Ung.Forskning.no