Nora (14) er bokmeldar for Framtida Junior: – Bra bøker bør ha litt humor

Hei!
Eg heiter Nora og eg bur på ein liten gard i Jølster. Eg er 14 år og likar å lese og skrive.
Dei beste leseopplevingane eg har hatt er bøkene Fordelen ved å vere veggpryd, Den løyndomsfulle hagen, Lars er LOL, Mio min Mio, Tonje Glimmerdal og Harry Potter-serien. Eg likar og bøker av forfattarane Roald Dahl, David Walliams og Tove Jansson.

Eg likar bøker som skil seg litt ut frå andre. Bøker som tar opp nye tema eller som er skrive på måtar som er annleis enn andre. For at eg skal synast ei bok er bra, bør den ha litt humor i seg, men samtidig må den få meg til å føle at denne boka er viktig. Eg elskar bøker der forfattarane klarer å skildre livet og følelsane til personar slik at eg kan kjenne akkurat korleis dei har det og kven dei er og vil vere. Eg synest òg som mange andre at gode skildringar og litt spenning frå starten av er viktig.

Når eg ikkje les eller skriv, så likar eg å teikne, spele piano, gå på tur, vere med vennar og med dyra på garden. I det siste har eg vore veldig engasjert innanfor klima og miljø og eg har deltatt i tre klimastreikar.

Sjå fleire bokmeldingar i bokkalenderen vår!