Ein okkultasjon er når eitt himmellekam dekker for eit anna, sett frå jorda. Ein Venus-okkultasjon skjer når naboplaneten vår Venus blir dekt av månen, fordi jorda, månen og Venus står på ei rett line.
Venus-okkultasjonar skjer omtrent to gongar i året, men kvar gong det skjer kan ein berre sjå det frå éin bestemt stad på planeten vår, skriv NRK.
Sist vi kunne sjå himmelfenomenet i Noreg, var 9. november 2023. I dag, midt på dagen, kan nordmenn igjen få oppleve ein Venus-okkultasjon.
Denne gongen er det folk i Sør-Noreg som kan få auge på fenomenet. Samstundes kan menneske lenger nord i landet sjå at Venus beveger seg svært nære månen.
Når ein ser etter Venus-okkultasjonen er det viktig å sjå lågt på himmelen mot søraust, der månen og Venus er. Det kan også løne seg å bruke kikkert, men hugs å ikkje kike mot sola, då det kan skade auga dine.
Neste gong vi kan sjå ein Venus-okkultasjon, er i 30. mars 2028.



















