Kjempesnigel invaderer Cuba

På kort tid har den afrikanske kjempesnigelen vorte den nye folkefienden på Cuba.

Både folk og ekspertar fryktar øydelagde avlingar og smittsame sjukdommar. Snigelen har ingen naturlege fiendar på Cuba og set til livs både vegetasjon, frukt, grønsaker og søppel.

– Eg hadde aldri høyrt om han før, men no er han overalt, seier Ysmila Marín til Munin Buzz.

Ho bur i eitt av dei områda som blautdyret no har erobra.