Jonathan (11): – Det går nesten i eitt i speling i helga

Leah Andrea (11), Lars (11) og Jonathan (11) har ulike reglar om skjermbruk heime.

Leah Andrea Dahl (11)

Foto: Janne Nerheim

Kor mykje tid brukar du på skjerm kvar dag?

– Eg får bruke cirka 2,5 time på speling. Så kjem mobil i tillegg. Eg spelar for å slappe av, og eg har lært mykje engelsk av å spele. Eg har ei venninne som bur langt vekke, og me held kontakten gjennom å spele Roblox i lag.

Kva reglar har du for skjermtid?

– Eg får ikkje bruke Snapchat før eg er 12 år. Elles har eg Tik Tok, men kun privat brukar. Viss eg spelar for lenge, får eg ikkje sjå på TV. Dessutan må eg ha ein pause inn i dei 2,5 timane.

Kva bruker du skjermtida di til?

– Eg spelar Minecraft og Roblox. Og resten av tida bruker eg på Tik Tok. Mobilen brukar eg mest til å ringe, sende meldingar, filme eller ta bilete. Eg er nett blitt tante til tvillingar, og er glad i å ta bilder av tantebarna mine.

 

Lars Stien (11)

Foto: Janne Nerheim

Kor mykje tid brukar du på skjerm kvar dag?

– Eg brukar cirka to timar.

Kva reglar har du for skjermtid?

– Eg har inntil to timar, men av og til spelar eg litt meir. Eg får ikkje spele Fortnite før eg er 12 år.

Kva bruker du skjermtida di til?

– Eg speler FIFA og Rocket League på PlayStation. Så bruker eg jo mobil, men ikkje til speling. Mobilen bruker eg berre til å ta bilete, filme, ringe og sende meldingar. Eg likar ikkje sosiale medium, så det bruker eg ikkje tid på.

 

Jonathan Lundal Aasheim (11)

Foto: Janne Nerheim

Kor mykje tid brukar du på skjerm kvar dag?

– I helgene hender det at eg spelar opp til tolv timar. Det går nesten i eitt i speling. Eg har eigen pc, mus og tastatur. I kvardagen spelar eg gjerne i 4-5 timar. Av og til spelar eg frå eg kjem heim til eg legg meg. Eg har eigen TV på rommet mitt, så det blir litt TV også.

Kva reglar har du for skjermtid?

– Eg må alltid gjere lekser før eg spelar. Elles har eg ingen reglar.

Kva bruker du skjermtida di til?

– Eg spelar Roblox, Minecraft og Call of Duty. Har også mobil som eg bruker til Snapchat og til å høyre på musikk.