Plantar vert utrydda 500 gongar fortare enn normalt

Dei siste 100 åra har nesten tre artar med frøberande plantar forsvunne kvart år.

Eit forskingsprosjekt kartla meir enn 330 000 artar frøberande plantar, og resultatet er slåande.

Sidan 1900 har frøberande plantar forsvunne med ein fart på nesten tre plantar årleg. Det er opp mot 500 gongar raskare enn det ein kan vente av naturlege årsaker åleine.

Det skriv det britiske naturvitskapelege tidsskriftet Nature.

Tropiske plantar mest utsette

Kartlegginga syner at plantar som veks på øyar og i tropane er dei som mest utsette for å verte erklært utrydda. Tre, buskar og andre fleirårige staudar har høgast sannsyn for å forsvinne uavhengig av kvar dei veks.

Les heile saka på Framtida.no