Trur du den norske mjølka kjem frå kyr på fjellbeite?

Norsk mjølkeproduksjon brukar mykje kraftfôr med importert soya i staden for å nytte beiteressursar.

Vi likar å sjå for oss grønt og saftig fjellgras som skal gi mjølka den gode smaken – men det er ikkje heile verkelegheita. I staden får Dagros og Litago kraftfôr – altså eit fôr laga av korn og soya. Mykje av dette er importert frå land som Brasil, skriv NRK.