Sommarfuglar kjem til Skandinavia i hopetal

Det vanlege er at berre eit titusental av arten Tistelsommarfugl kjem til Skandinavia. No er det minst hundre millionar som kjem flygande innover Sverige, Danmark og Noreg.

Insektforskarane er ueinige om det er klimaendringar som er årsaka til at dette skjer, skriv NRK.

Foto: Janne Nerheim

Reiser langt

Tistelsommerfuglen reiser langt. Den startar reisa i Midtausten og Nord-Afrika og flyg mot Sør-Europa i andre generasjon.

Fyrst i tredje generasjon kjem den opp til oss i Skandinavia.

At dei reiser i andre og tredje generasjon tyder at sommarfuglane får barn, og at det er barna som held fram på reisa. Så får barna barn, og desse held fram på reisa. Det er desse som kjem fram til Noreg, Sverige og Danmark.

Vanlegvis kjem ikkje så mange fram til Noreg.