No er det tid for Sommarles 2019

Laurdag 1. juni startar Sommarles 2019 over heile landet.

Meir enn 380 kommunar deltek i lesekampanjen på nett.

– At heile 90 prosent av kommunane deltek er fantastisk!

seier prosjektleiar for Bokåret 2019 Liv Gulbrandsen.

Sommarles blei starta av Vestfoldbiblioteka i 2012, og veks år etter år. I fjor var det 106 000 barn frå 370 kommunar som deltok, skriv Nasjonalbiblioteket i ei pressemelding.

Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta i kampanjen som varer fram til 31. august.

Barna kan registrere alt dei les og samle poeng på nettsida sommarles.no. Der kan ein også få troféar, små premier, få lesetips, lese årets sommarlesforteljing, løyse oppgåver og følgje med på kva venene deira les.