Framtidajunior Nyhende Kjendisartistar støttar opprop mot å svekke song i skulen
Foto: Iris Engen Skadal/ Krafttak for sang

Kjendisartistar støttar opprop mot å svekke song i skulen

Fleire organisasjonar har gått saman for å sikre framtida til song i skulen.

Ein av artistane som støttar oppropet er Maj Britt Andersen støttar opplegget, som har gitt ut fleire barneplater tidlegare.– Dette oppropet er viktig! Bli med og syng ut for songen i skulen, heiter det frå Maj Britt Andersen, kjent for å synge for dei minste, skriv Framtida.no.Bak oppropet står Krafttak for song, som har fått med seg ei stadig aukande mengde organisasjonar til å synge ut for framtida til songen i skulen.

Stor markering

Det blir òg tromma saman til ei markering kalla «Syng ut for sang i skolen» framfor Stortinget i Oslo 12. juni.

Oppropet byr på fire punkt ein vil styrke:

  • Ein vil ha dagleg song på skulane.
  • Få eit kompetanseløft innanfor song for både dagens og morgondagens lærarar.
  • Sikre at song får den rettmessige plassen sin i alle læreplanar.
  • Styrke dei estetiske faga på skulen, der songen inngår som del, heiter det i oppropet.

No er forslaget til regjeringa ute til høyring. Fristen for å senda inn høyringssvar er 18. juni.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR