Dei yngste skal framleis syngje i skulen

Den nye læreplanen i norsk slår fast at 1.-4. klassingane framleis skal lære gjennom song. Musikkorganisasjonane meiner dette er for dårleg.

Den nye læreplanen for norskfaget stadfestar at song framleis skal ha ein plass i den norske skulen – men berre hjå dei aller yngste.

– Ein halv siger, seier leiar i organisasjonen Krafttak for sang, Jarle Flemvåg, til avisa Vårt Land.

I den endelege læreplanen er det likevel berre i kompetansemåla til elevane frå 1. til 4. trinn at song står skrive svart på kvitt.

I kompetansemåla til 2. trinn står det at elevane skal kunne «uttrykke tekstopplevelser gjennom lek, sang, tegning, skriving og andre kreative aktiviteter», medan elevar på 4. trinn skal kunne «lese og lytte til fortellinger, eventyr, sangtekster, faktabøker og andre tekster» og «utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse og andre kreative uttrykk».

Vil du ha meir song i skulen?

Vil du ha meir song i skulen?

Ja57
Nei44
Veit ikkje22
Vi syng for lite5
Vi syng mykje6
Svar totalt: 134