Sjiraffen kan ende opp på raudlista

Sjiraffbestanden har redusert seg kraftig sidan 1985.

Sjiraffane held til i ei rekke land i Afrika. Og no har dei vorte færre. Nesten 40 prosent av bestanden har vorte redusert. Det vil seie at ut av 100 sjiraffar er det berre 60 igjen.

Kva er ei raudliste?

Det er ei liste med alle dyra som er utryddingstruga. Det vil seie dyr som har stor fare for å døy ut. Berre i Noreg er det over 4000 dyr på lista.

Sjiraffane blir drepne

Sjiraffane står ovanfor ei rekke truslar: ulovleg og lovleg sjiraffjakt, dårlege lover når det kjem til salg av sjiraffprodukt og beiteområder til sjiraffane som minkar på grunn av menneskeleg aktivitet.

Amerikansk handel utgjer ein stor trussel mot sjiraffen. Mellom 2006 og 2015 blei det importert nesten 40 000 sjiraffprodukt til USA. Det var produkt som knivar laga av sjiraffbein, tepper, møblar, støvlar og bibel-omslag – alle laga av sjiraffskinn.