Koalaen kan vere utrydda

Koalaen kjem frå Australia. No meiner ei gruppe som jobbar for koalaen at det berre er 80.000 dyr igjen i landet.

Det er NRK.no som omtalte denne saka.

Stiftinga meiner at 80.000 dyr ikkje er nok for at bestanden skal kunne overleve. Dei vil at Statsministeren rettar fokuset mot koalaen.

Eit slapt dyr

Koalaen er eit pungdyr som berre finst i Australia. Dyret lever i tre, og livnærer seg for det meste på blad frå eukalyptustreet. Det gir koalaen lite energi. Han søv 18–20 timar i døgnet, og flytter seg frå tre til tre – helst om natta.

Avskoging er ein stor trussel

Innskrenka leveområde på grunn av avskoging, hundeangrep, påkøyrsler, tørke, hetebølgjer og sjukdom blir rekna som dei største truslane mot koala-bestanden i Australia.