Truga dyreartar

I Noreg har vi det vi kallar «Den norske raudlista for artar». Det er ei liste med alle dyra som er utryddingstruga. Det vil seie dyr som har stor fare for å døy ut. I Noreg er det over 4000 dyr på lista.

WWF

WWF, verdens naturfond, arbeider for å stansa dagens naturøydeleggingar og skapa ei framtid der menneske lever i harmoni med naturen, ved å:

  • Verna mangfaldet av arter og økosystem
  • Sikre berekraftig bruk av fornybare naturressursar
  • Kjempa mot forureining og overforbruk av ressursar.

Kjelde: wwf.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Her er nokre av dei truga dyra

Ulv

Ulven var opprinneleg ein av dei mest utbredte pattedyra i verda. Men ulven har blitt forfulgt og utrydda av menneska. Det er ein stor ulvedebatt i Noreg no om det skal vere lov å skyte ulv som kjem for nær utmark der dyr beiter.

I Noreg blei ulven nær utrydda på midten av 1900-talet, men etter at han blei freda har ulven klart å etablere seg i Noreg igjen. I 2016 er det mellom 65-68 heilnorske ulvar, pluss om lag 25 ulvar som oppheld seg både i Noreg og Sverige.

Brunbjørn

I Noreg er bjørnen utryddingstruga. I 2016 blei det registrert minimum 125 bjørn i Noreg. For at bjørnebestanden skal auke, er Noreg avhengig av at fleire hobjørnar, binner, finn vegen frå Sverige til Noreg. Ein bjørn kan gå opp til 25 kilometer på eit døgn.

Den største trusselen for bjørnen er at det er stor jakt på bjørn i Sverige.

Jerv

Jerv er det største dyret i mårfamilien. Jerven ser ut som ein liten tettbygd bjørn, med eit lite hovud. Jerven har ofte spist reinsdyr, og er den som tar mest sau i Noreg. Jerv er vanskeleg å jakte på, og for å oppfylle det politiske målet om kor mange jerv som skal få lov å vekse opp, grev ein seg ned i hia og avlivar både mora og barna, eller berre ungane. Det er om lag 350 jervar i Noreg. I 2016 blei sju hi gravd ut, og 13 jervekvalpar drepne saman med fem jervetisper. WWF likar ikkje dette, då jerven er sterkt truga.

Gaupe

Gaupa er sterkt truga av utrydding. Det var i 2016 berre 52 familiegrupper av gauper her i Noreg. Noko som tilsvarar om lag 310 individ. Gaupa lever av rovdyr, hare, rein og sau, men også av smågnagarar og skogsfugl. Det er færre gauper enn det politikarane meiner ein bør ha i Noreg. Likevel er det lov å jakte på dette dyret.

(Kjelde: wwf.no)