– Eg håpar eg vinn for då sluttar pappa å snuse

Framtida Junior tok ein tur til Telenor Arena for å helse på nokre av årets finalistar til MGPjr. Er dei nervøse?

Då Framtida Junior trappa opp på Telenor Arena var lydprøva i full gong. På scena står CAOS og øvar med gitar i hendene og blinkande lys bak seg.

Men litt lenger bak scena, på eit opphaldsrom, der sit resten av årets finalistar. Trur du dei bit negler og er nervøse? Nei, dei spelar kort!

– Kranglar de nokon sinne om reglane?

– JA, svarer dei alle i kor. Men dei vert ikkje uvener.

Dei klemmer, ler og småsyng litt i staden for.

(Saka held fram etter videoen)

Song framfor tven

I år var det veldig mange som ville delta på Melodi Grand Prix Junior – heile 1857 låtar var sendt inn. Men berre ti stykker kom igjennom nålauget, og blant desse er Hedvig (12) frå Oslo og Alfred (13) frå Trondheim. Det fekk dei begge vete på julaftan:

– Det var verdas beste julegåve, seier Hedvig.

Hedvig fortel at ho har sett på MGPjr i mange år:

– Mamma har ein video frå då eg er pittelita og sat framfor tven med eit lite piano og ein liten mikrofon, og syng den «tilbake til drømmene»-songen.

Drømmer var med på MGPjr for sju år sidan.

Det var året Marcus og Martinus vann med songen «To dråper vann». Då satt Alfred heime i stova si i Trondheim:

– Sidan då har eg sett på kvart einaste år. Og så hadde eg lyst til å stå der sjølv! fortel han.

(Saka held fram etter bilete)

GLER SEG: Hedvig og Alfred er veldig spente til laurdagens finale i MGPjr (Foto: Bente Kjøllesdal)

Heiagjeng frå Trondheim og i Italia

No er dei komne til finalen begge to, og det er berre éin dag til dei skal synge songane sine for heile Noreg. Alfred fortel at det kjem ein stor heiagjeng frå Trondheim for å heie, men at det var ein person som ikkje kunne komme heilt til Oslo:

– Ho eg likar som eg har skrive songen til. Ho skal ikkje vere med til Telenor Arena, så ho og vennane skal sitje heime og sjå på, seier Alfred.

Hedvig har også vennar som reiser langt for å vere med: Det kjem nokre heilt frå Bodø. I tillegg skal vennane til mormor og morfar frå Italia følgje med på TV.

Alfred fortel at han er litt nervøs:

– Eg er litt spent på om eg syng feil eller litt falskt. Men eg har fått så mange gode kommentarar på at dette er ikkje berre ein songkonkurranse, det er ein låtskrivarkonkurranse. Då føler eg meg meir trygg på det.

– Eg er berre spent eg, fortel Hedvig, men så tenkjer ho seg litt om og seier:

– Litt nervøs, og ganske spent.

(Saka held fram etter bilete)

MGPjr 2019: Alle samla utanom CAOS som hadde lydprøve då Framtida junior var på besøk. Eva Ruthgerson Bie er MGPjr-Mamma og sjef for heile. (Foto: Bente Kjøllesdal)

Vinne?

Det vert likevel kjekt å vise alle 15000 som skal sitte i publikum og dei fleire hundretusen som skal sjå showet på TV. Endeleg skal finalistane få vise fram kva dei har laga.

– Eg håpar det vert ein hit! seier Hedvig.

Ho har også laga ein avtale med foreldrene sine dersom ho går av med sigeren på laurdag:

– Eg håpar eg vinn for då sluttar pappa å snuse, og så skal mamma byrje å trene, seier Hedvig og smiler.

Alfred fortel at han håpar han vinn, men at han ikkje vert lei seg om han ikkje gjer det:

– Fordi det er artig å få vere med, og få komme til finalen. Det er eit minne for livet!

Hedvig og Alfred er med i MGPjr 2019 (Foto: Bente Kjøllesdal).