Opplading til MGPjr 2019: – Vi heiar på kvarandre!

Det er ikkje mange vekene til dei ti finalistane i årets MGPjr skal stå på scenen for første gang. Siggen er like spent som finalistane. Om ikkje meir.

No har eg blitt kjent med alle finalistane både på audition og på leirskulen. Det er ein skikkeleg bra gjeng, seier Siggen.

På kontoret der MGP jr blir planlagt er veggane dekorert med bileter av finalistane. Det heng teikningar av scenen. Og i tillegg står troféet som årets vinnar skal få.

Får øve på å vinne

Når vi kjem til generalveka, då vi skal øve oss på scenen, får faktisk alle finalistane øve på å vinne. Er ikkje det kult? seier Siggen og tek opp årets trofé.

Når du ser vinnaren bli oppropt, så har dei øvd på det. Men det er heilt umogeleg å vite korleis ein reagerer om ein vinn på ekte. Eg trur ikkje hjernen klarer å forstå det som faktisk skjer, seier Siggen.

Finalistane gjer det store jobben

Eg er så imponert over finalistane. Dei har skrive ein song. Ingen har stått på ei så stor scene før, men dei berre gjer det! Eg blir skikkelig inspirert, og tenker at når dei klarer det, då kan ikkje eg som vaksen og som har jobba i NRK i mange år være nervøs.

Men nervøs, det blir Siggen. Det er ikkje til å unngå.

I fjor då eg fekk spørsmål om eg ville gjere jobben i år også, tenkte eg at det ville bli litt mer chill sidan eg har gjort det før, men no kjenner eg at eg er like nervøs og like spent i år.

Sjefen for det heile heiter Eva Ruthgerson Bie.
– Ho er mi trygge hamn, seier Siggen. – Det er det som er så bra med MGP jr. Alle så gode venner. Vi heiar på kvarandre. (Foto: Framtida junior).

I forkant blir eg stressa for at ting ikkje skal bli ferdig i tide, og at eg ikkje har lært meg alt. På sjølve showet går eg inn i ein overlevingsmodus. Ei slags boble der eg tenker «no skal alt vi har øvd på endelig gjerast». Det er kjempegøy!

  • Finalen er 25. mai i Telenor arena. Du kan sjå sendinga på NRK 1.
  • Programleiarane er Sigrid “Siggen” Velle Dypbukt og Mikkel Niva.
Sigrid “Siggen” Velle Dypbukt held troféet som årets vinnar av MGP jr 2019 får som bevis. (Foto: Framtida junior)

Årets felleslåt: Dominoeffekt