Korleis er det med dine lommepengar?

Nokre får lommepengar. Andre må jobbe for det. Nokre har strenge reglar og plikter. Andre har ingenting. Det er veldig ulikt korleis lommepengar fungerer.

Privat

Olav Rosland 10 år, Oslo

Tek du småjobbar for å tene pengar?

Ein gong fekk eg 20 kroner for å vaske scooteren til pappa. Eg skulle gjerne tatt fleire jobbar, men det må vere riktig pris. Eg gidd ikkje å vaske ein heil bil for berre ti kroner for eksempel.

Får du lommepengar?

Nei, det får eg ikkje.

Korleis får du pengar?

Eg får innimellom pengar av oldemor og andre besteforeldre. Og så får eg eg pengar til bursdagen min av venene mine.

Når du vil kjøpe noko som du sjølv må betale for. Kva gjer du då?

Dersom det er noko eg verkeleg har lyst på, som kostar ganske mykje pengar, så kjøper eg det for dei pengane eg har spart. I fjor kjøpte eg Playstation, då hadde eg spart i tre år. Dersom det er noko som berre kostar 50 kroner, gidd eg ikkje kjøpe det.

Har du tips til dei som ikkje veit kva dei skal gjere for å tene pengar?

Dersom du vil ha det kjapt, spør foreldra dine om du kan få ein småjobb som du kan gjere kvar sundag for eksempel.

Privat

Emine Warholm 10 år, Ulsteinvik

Tek du småjobbar for å tene pengar?

Ja! Hjelper familien med diverse ting som husarbeid å sann.

Får du lommepengar?

Nei, det får eg ikkje.

Korleis får du pengar?

Eg får pengar når eg har bursdag, når eg skal ut å reise og når eg har vore flink å hjelpe til med noko.

Når du vil kjøpe noko som du sjølv må betale for. Kva gjer du då?

Først må eg sjekke om eg har pengar så betaler eg med kort eller cash.

Har du tips til dei som ikkje veit kva dei skal gjere for å tene pengar?

Finn deg noko som du likar å jobbe med som du tenar pengar på: