Slik kan du tene pengar til sommarferien

Personar under 13 år kan som hovedregel ikkje ta arbeid. Men du kan hjelpe til med tenester som kan gi litt lommepengar.

Det er snart sommarferie. Då er det ekstra kjekt med ei lommebok du sjølv rår over. Når ein ikkje kan ha ein fast arbeidsplass. Korleis kan du då tene dine eigne pengar?

Det du må gjere er å lage avtalar heime eller hos besteforeldre, naboar eller andre som treng hjelp.

Kor mykje pengar kan du forvente?

Dette varierer veldig. Det kjem heilt an på kva du gjer av tenester, og kor ofte du gjer det.

Det er også viktig å hugse at dei du hjelper betalar deg med pengar dei sjølv har jobba for.

Silje Sandmæl, kjend frå Luksusfellen, skriv i boka si Pengekarusellen at poenget med å få lommepengar mot innsats er å lære barn at det ligg jobb bak kvar einaste krone.

Lag skjema

Eit tips kan vere å lage eit skjema der du skriv opp alt du har gjort i ei veke, og alt du ikkje har gjort, men som eigentleg er pliktene dine. På den måten reknar du ut kva du skal ha i lommepengar.

Dette er ting du kan hjelpe til med

  • Ta ut av oppvaskmaskina
  • Ta ut kle frå vaskemaskina og henge opp
  • Gå tur med hunden (om du har hund, sjølvsagt)
  • Luke ugras i bedet
  • Klippe graset
  • Måle noko som treng eit nytt strøk
  • Handle inn til middag
  • Lage middag
  • Vaske bilen
  • Vaske alle syklane i familien
  • Vaske fellesrom (Å halde sitt eige rom ryddig er vel ei sjølvfølge?)
  • Støvsuge
  • Pante tomflasker og få panten
  • Selje gamle leiker på Finn.no (Her må du ha hjelp frå ein vaksen)
  • Sitje barnevakt