Forfattarspalte: Malin er aktuell med Dyras beste sjekketriks

Malin blei kjend då ho var programleiar i Dyrevenn på NRK Super. No har ho skrive ei bok om dei forelska dyra.

  • Namn: Malin Hellebø
  • Alder: 29 år
  • Mental alder: Nokre dagar 10 år, andre dagar 70 år.

Aktuell med: «Dyras beste sjekketriks» – ei faktabok om dyr på sjekker’n

Kort om boka: Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tisse seg sjølv i fjeset? At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imponere dei kresne kollene? I denne boka tek Malin Hellebø og Camilla Kuhn for seg dei fascinerande og rare metodane dyr har for å finne seg ein make.

Boka tek for seg både insekt, amfibiar og pattedyr og er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda.

Den siste du sendte mobilmelding til var: – Kjærasten min, Yngve.

Kva stod der?

Kvar er du akkurat no? – No sit eg på kjøkkenet og drikk kaffi.

Kva synest du om Fortnite? – Hmmmf.. eg har ikkje spelt Fortnite endå, men eg er sabla god på Mario Kart!

Kva for ein fisk er søtast? – Den japanske kvitflekka kulefisken!!! Han bygger sandslott når han skal finna seg ein kjærast, er ikkje det romantisk kanskje? (sjekk han ut i boka mi).

Ein historisk person du kunne tenkt å vore ein dag: – Eg ville vore Amelia Earhart. Den fyrste kvinna som flaug åleine over Atlanterhavet! Fy søren, tenk å vera so modig, då! (Du kan forresten lesa om ho i den strålande boka «10 ville ekspedisjonar»)

Amelia Earhart Foto: Wikipedia.

Ein kjendis du kunne tenkt å invitert på eitt glas brus: – Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg. Foto: Koch / MSC /Wikipedia/CC BY 3.0 de

Dilemma:

Bade utandørs kvar einaste morgon – heile året, eller smøre inn håret med ketsjup kvar morgon som du må gå med heile dagen.

– Bade kvar morgon!

Tre barnebøker du vil anbefale:

1: Ingenlund

2: Gangsterbestemor

3: Vaffelhjarte

Ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?

– Eg hugsar veldig godt då den fyrste Harry Potter boka kom ut. Eg gjekk i fjerde klasse og læraren vår las høgt frå boka i matfri. Då vart det heilt stille i det ellers ganske bråkete klasserommet. Nokre dagar klarte eg ikkje slutte å tenkje på Harry Potter og det magiske universet han levde i og eg skulle ønskja at eg også kunne gå på ein magisk skule.

Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?

– Den må ha gode skildringar som lagar bilete i hovudet. Og karakterar som ein kan kjenna seg att i, som ein kan lika og som ein kan mislika. Ei god barnebok må også vera både vond og god, gjerne ei bok ein kan både le og gråte av.

Fullfør setninga: Det beste med å lese ei bok… er å forestille seg korleis alle dei forskjellige karakterane ser ut!