Statsministeren vil hente barna heim til Noreg

Statsminister Erna Solberg har no bestemt at foreldrelause barna frå IS-kvinnene skal hentast heim til Noreg.

Syria er ein stat i Midtausten. Syria grensar mot Tyrkia (nord), Irak (aust), Jordan (sør) og Libanon, Israel og Middelhavet (vest).

Sidan 2011 har det vore ein blodig borgarkrig som har drepe mange, og ført millionar av menneske på flukt.

Kva barn er det snakk om?

For nokre år sidan reiste nokre norske kvinner til Syria.

Dei norske kvinnene som reiste gifta seg med soldatar frå terrorgruppa IS.

Kva er IS?

Terrorgruppa IS er ei gruppe som krigar på ein måte som går ut over mange uskyldige menneske. IS hadde mykje makt, men no har dei mista mykje av dette.

Derfor har dei norske kvinnene flytta inn i krigsleirar i Syria. I leirane er svært dårlege forhold, og mange blir sjuke av å vere der.

 

Statsminister Erna Solberg har no bestemt at dei foreldrelause barna frå IS-kvinnene skal hentast heim til Noreg.