Kva må ei god bok innehalde?

Alva, Oda og Mikkel er alle glade i bøker. Dei har sterke meining om kva ei god bok må innehalde.

Om ei bok ikkje er original, kan ho lett bli kjedeleg, seier Alva.

Mikkel likar bøker der han kan drøyme seg vekk i historia.

Eg er veldig glad i Fantasy-bøker der alt kan skje. Med kule dyr og rare skapningar. Og så er eg fan av fleire synsvinklar, at vi får høyre historien frå fleire personar.

Kor viktig er hovedpersonen?

For at eg skal like ei bok er det viktig at hovudpersonen er interessant. Personen må ikkje vere den kulaste, men må vise ei side av seg som gjer meg lyst til å vite meir, seier Oda.

Alva er einig. – Det er hovudpersonen som skal endre historien. Hovudpersonen har ein veldig viktig jobb i ei bok.

Eg likar best dei karakterane som ikkje er perfekte, men som kan gjere litt feil. Det er viktig at det kjem fram fleire sider av personen, legg Oda til.

Mikkel likar dei bøkene som er spanande og som gjer han nysgjerrig.

Bøker som fenger meg er bøker der hovudpersonen prøver å finne ut av ting – og om seg sjølv.

Dei er også einige at det er viktig å kunne kjenne seg igjen i hovudpersonen, for då er det lettare å leve seg inn i historien.

(Saka held fram under bilete.)

Framsida av ei bok er også viktig

Don’t judge the book by it’s cover, seier Alva. Men likevel er framsida viktig. Ho skal faktisk gjere oss nysgjerrig. Det er det aller fyrste inntrykket vi får.

Eg likar når det er noko som skjer på framsidebilete, seier Oda og viser boka av Harry Potter og ildbegeret.

Tid for ti-favorittar

Alva, Oda og Mikkel er med i Tid for ti-aksjonen og så langt har dei to favorittar. Det er Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland og Smadra av Brynjulf Jung Tjønn. Det er gode bøker som har både spaning og mystiske og interessante karakterer i seg.

– Eg er generelt veldig glad i nynorske bøker, seier Alva.