– Det finst ei bok for alle

Kvifor er det slik at nokre bøker gir deg kjensla av at det er den beste boka du har lese, medan andre igjen blir sett på som ein liten fjert – som du helst vil gløyme like fort som siste sida er ferdig?

Elen Betanzo (Foto: Samlaget)

Vi tok ein prat med forfattar og redaktør Elen Betanzo om kva ei god barnebok må innehalde. Jobben hennar er nemleg å lese manus, og hjelpe dei som skriv bøker til å skrive gode barne- og ungdomsbøker.

– Det må vere ei engasjerande historie som målgruppa kjenner seg igjen i, og forstår. Det er viktig at dei som les boka ikkje føler at det er ein vaksen som har skrive boka, seier Elen.

– Ei god historie må ikkje vere kjedeleg. Folk vil ikkje lese kjedelege bøker. Men så er det også ulike meiningar om kva som er kjedeleg. Ein person kan tenke at ei bok er kjedeleg, medan ein annan kan tenke at den er superbra. Det er det som er så fint med bøker. Klisjeén om at det finst ei bok for alle, er heilt sann.

Hovedpersonen er viktigast

– Hovudpersonen er den viktigaste i ei bok. Karakteren må vere interessant for lesaren. Eg likar veldig godt når karakteren har eit særpreg, som gjer deg nysgjerrig. At han eller ho er veldig god på ein ting, eller er oppteken av noko som ingen andre er opptekne av.

– Det er nemleg hovudpersonen som skal bere historia. Ikkje tematikken. Den kjem av seg sjølv gjennom det hovudpersonen gjer.

Skrivetips

Om du likar å skrive har Elen eit tips.

– Dersom du skal skrive ei historie er det lurt å ikkje ha med for mange personar. Eit tips er å tenke at alle som blir nemnde skal vere der av ein grunn.

Favorittbok som barn

– «Vi kaller ham Anna» av Peter Pohl. Den historien sette verkeleg spor i meg. Det er ei mobbehistorie frå ein feriekoloni i Sverige. Eg hadde aldri opplevd noko av det eg las. Det var mitt første møte med noko som eg ikkje heilt kunne forstå meg på.

Barnebøker har forandra seg

Før skulle ei god barnebok vere pedagogisk, at du lærte deg noko av å lese boka. No er det leseopplevinga og ikkje oppdraginga som er viktigast.

Elen Betanzo er sjølv aktuell med ein ny ungdomsroman på Gyldendal.

Liker du å lese bøker?

Liker du å lese bøker?

JA!30
Elskar det!31
Sånn passe21
Nei!6
Hatar det!27
Veit ikkje1
Svar totalt: 116